
Gamle LP-plater får nytt liv som unike skåler.
Bestill på SMSSjå skåleneVi er ei elevbedrift frå 9. trinn på Bryne ungdomsskule. Vi samlar inn gamle vinylplater som ingen speler lenger, varmar dei forsiktig opp og formar dei til skåler. Kvar skål er unik – med plateetiketten midt i!
Vi er Mina (økonomisjef), Vilja, Daniel, Mark og David.
Alle skålene er handlaga, så kvar einaste ei er unik – ingen er like!

Perfekt til nøklar, smykke eller innpakka godteri.
50 kr

Fin som pynt, til småting eller som blikkfang på bordet.
150 kr
Vinyl er plast som elles ofte endar i søpla. Når vi brukar platene på nytt, lagar vi noko nyttig og fint utan nye råvarer. Det blir kalla upcycling: å gi noko gammalt ein ny og betre bruk.
Vi har redda minst 130 plater frå fyllinga.
Viktig: Skålene passar til pynt, nøklar, smykke og småting – og innpakka godteri som Twist går heilt fint. Ikkje legg uinnpakka mat rett i skåla. Skålene toler ikkje oppvaskmaskin og må haldast unna varme.
Ring eller send SMS til David: 941 81 916
Send e-post til Vilja: [email protected]
Betaling: Vipps til 952 61 169 (økonomiansvarleg: Mina)
Sjå korleis vi lagar skålene på TikTok og Instagram!
TikTok: @rillnrabaldar.ebInstagram: @rill.n.rabaldar._eb